Ingrid Fiskaa (SV): Kan eg be om at forsvarsministeren svarer på dei tidlegare spørsmåla mine om pågripinga av muraren Muhammad Naseem i Afghanistan 17. september 2007?
Begrunnelse
Eg viser til dei tre tidlegare spørsmåla mine knytt til den nemnte pågripinga datert 11. juni 2023 (spørsmål 2507), 18. september 2023 (spørsmål 3181) og 3. november 2023 (spørsmål 326).
22. mars i år vart forsvarssjef Eirik Kristoffersen intervjua i Dagens Næringsliv. I intervjuet opplyser forsvarssjefen at han oppga namnet Muhammad Naseem med ein gong: «Muhammad Naseem. Det skrev vi i rapportene og oppga i alt vi gjorde,» seier Kristoffersen til avisa.
Forsvarsministeren har ikkje svart på dei tidlegare spørsmåla fordi informasjonen var gradert. Eg legg til grunn at informasjonen no er avgradert og at statsråden dermed kan svara på spørsmåla mine.