Ingrid Fiskaa (SV): Utviklingsministeren skriv i Panorama at Noreg skal vera ein brubyggar mellom det det globale Sør og Nord i det internasjonale skattesamarbeidet. Men Noreg sitt skriftlege innspel til rammene for ein ny skattekonvensjon i FN er snarare ein blåkopi av OECDs gamle posisjon enn ei bru til det store fleirtalet av utviklingsland.
Korleis vil statsråden sikra utviklingsland sine interesser når Noreg har handa på rattet for ein ny skattekonvensjon i FN?
Begrunnelse
Den 22. november i fjor vedtok FN ein resolusjon om internasjonalt skattesamarbeid. Vedtaket var eit historisk gjennomslag for det store fleirtal av land i verda som ynskjer å tetta skattehol og stoppa kapitalflukta frå det globale Sør. Noreg er med på å skriva mandatet for arbeidsgruppa som skal ta dette viktige arbeidet vidare.
Regjeringa har ved fleire høve og seinast i Panorama den 12. april sagt at Noreg skal vera ein brubyggar i dette arbeidet. Ei slik rolle bygger på Noregs sterke posisjon som ein uavhengig og tydeleg aktør i skattesamarbeid, som ofte har stått nær utviklingsland sine posisjonar. Den balanserte brubyggarrolla vert likevel ikkje reflektert i Noregs nyaste innspel til forhandlingane om mandatet for ein skattekonvensjon i FN. Innspelet er nesten blotta for forslag som kan bidra til den konstruktive dialogen ein brubyggar bør legga til rette for. På denne måten set Noreg seg på sidelinja sidan andre land i same innspelsrunde bidrog med konkrete innspel.
Noreg har også ein lang tradisjon for å ha ein konstruktiv dialog med land i sør om skattespørsmål. I Utanriksdepartementets rapport “Et nytt rammeverk for utviklingspolitikken” vert dette løfta fram som eit fortrinn Noreg kan bruka for å styrka utviklingslands perspektiv i internasjonale prosessar. Men utviklingslands interesser vert ikkje anerkjent i det nemnte innspelet om skattekonvensjonen.
Problema med skatteunndraging og ulovleg kapitalflyt kan ikkje løysast av kvar stat aleine, eller av ein avgrensa organisasjon som OECD, men berre på ein open og legitim arena der alle statar kan forhandla på like fot. Noreg bør derfor bruka rolla si til å legga til rette for ein så sterk skattekonvensjon som råd i det multilaterale organet FN.