Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1819 (2023-2024)
Innlevert: 19.04.2024
Sendt: 22.04.2024
Besvart: 29.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Det finnes i dag ikke en klar definisjon for hva som menes med grå arealer. Det eksisterer heller ingen helhetlig kartlegging av grå arealer som kan si noe om hvilket potensiale det er for gjenbruk av arealer til ulike formål.
Vil kommunal- og distriktsministeren ta initiativ til en slik kartlegging, og hvis ikke, hva er begrunnelsen?

Begrunnelse

Arealer er en knapp ressurs. Det er viktig at samfunnet fremover raskt evner å bremse tapet av viktig natur og sikrer viktige produksjonsarealer for primærnæringene.
Fremtidige utbygginger bør derfor i størst mulig grad skje i allerede forringet natur eller utbygde områder, også kjent som «grå arealer».
For å få til dette er det viktig med en klar definisjon av grå areal, samt kartlegging av dem.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa forventar at kommunane vurderer fortetting og transformasjon av bustad- og næringsområde før nye, større utbyggingsområde vert sette av og tekne i bruk. Dette er framheva i Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027 og i forslag til statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet som no er sendt på høyring.
Statistisk sentralbyrå gjev kvart år ut statistikk om arealbruk og arealressursar i Noreg gjennom statistikken Arealbruk og arealressurser. Utbygd areal fordelt på bustad, fritidsbustad, næring, forsvar m.m. går fram av statistikken, men det er ikkje ein eigen kategori for areal som er egna for gjenbruk eller fortetting, såkalla grå areal.
Det er ingen tvil om at det mange stader er eit potensial for betre utnytting av utbygd areal, og at dette kan redusere nedbygginga av viktige natur- og jordbruksareal. For kommunar som ønskjer å vere arealnøytrale, vil gjenbruk og fortetting av areal som allereie er utbygd eller endra, vere ein viktig strategi.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin rettleiar om bruk av arealrekneskap oppmodar kommunane til å vurdere behovet for areal til utbyggingsføremål og kartlegge utbyggingspotensialet i gjeldande kommuneplan før nye område blir vurdert. Dette bør omfatte areal som er egna for fortetting og transformasjon.
Den konkrete vurderinga av kva område som er egna for fortetting, transformasjon eller ombruk av eksisterande bygningar må gjerast av kommunane, som er best i stand til å gjere slike vurderingar lokalt. På nasjonalt og regionalt nivå skjer det mykje utviklingsarbeid rundt arealrekneskap og datagrunnlaget for dette. Regjeringa legg også stor vekt på å utvikle relevant arealstatistikk som ein del av den nasjonale offisielle statistikken. Eg trur dette vil gje oss eit betre grunnlag for å hente ut informasjon om såkalla grå areal etter kvart.