Skriftlig spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1832 (2023-2024)
Innlevert: 22.04.2024
Sendt: 22.04.2024
Besvart: 26.04.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): Er statsråden klar over at nedprioriteringen av institusjoner for akuttplassering av barn under 18 år har nådd et kritisk punkt, der kommuner nærmest ikke har kapasitet til å ta imot barn som omfattes av barnevernsloven § 4-4 og § 6-2?

Begrunnelse

Jeg har mottatt fortvilte henvendelser fra mødre som forteller at tilbudet for akuttplassering har blitt så drastisk redusert at de frykter barna deres ikke vil ha et trygt sted å bo. Dette gjelder ofte barn som omfattes av barnevernsloven § 4-4, men som nå ender opp hos bekjente. Samtidig mottar jeg jevnlig bekymringsmeldinger fra ideell sektor, som opplever å bli oversett på grunn av det offentlige tilbudet, til tross for et sterkt ønske om å bidra.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg er klar over situasjonen i institusjonsbarnevernet. Talet på barn som blir tilvist frå kommunane har auka frå tidleg i fjor, særleg til akuttplassar og plassar til barn med store og samansette behov. Dette har gjort det utfordrande for Bufetat å ta i vare bistandsplikta, og både i fjor og i år har bistandsplikta blitt broten. Bufetat skal tilby ein forsvarleg institusjonsplass når kommunen ber om det. Dette gjeld òg i akutte saker. Eg ser svært alvorleg på det når dei ikkje klarer dette, eller dersom tilbodet ikkje blir tilbydd raskt nok. Desse sakene gjeld nokre av dei mest sårbare barna i samfunnet, og vi er nøydde til å ha eit godt tilbod for dei. Dersom Bufetat ikkje klarar å tilby ein plass, skal dei gå i dialog med kommunen for å finne fram til mellombelse tiltak.
Samstundes vil eg presisere at det ikkje er riktig, som representanten skriv, at akuttilbodet er nedprioritert. Det viktigaste tiltaket for å bidra til eit godt akuttilbod, er å auke kapasiteten kva gjeld institusjonsplassar, beredskapsheimar og fosterheimar. Det blei satt av betydelege midlar, til saman 260 mill. kroner, til det statlege barnevernet i RNB for 2023. Budsjettet for 2023 blei ytterlegare auka med om lag 380 mill. kroner i ein tilleggsproposisjon på hausten, og kapasiteten i tilbodet har blitt betre. Vidare blei det i 2024-budsjettet løyva om lag 700 millionar kroner til ei samla styrking av det statlege barnevernet.
Eg har gitt Bufdir beskjed om at dei skal auke den statlege kapasiteten og gå i dialog med både ideelle og kommersielle leverandørar om kjøp av institusjonsplassar. Bufdir har auka talet på statlege plassar til dei mest utsette barna, og det er inngått avtalar på om omlag 40 plassar hos private leverandørar, i hovudsak ideelle.
Bufetat vurderer fortløpande korleis kapasiteten kan aukast både på kort og lengre sikt. Departementet føl situasjonen og etaten tett.