Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden svare ut grunnlaget i dette spørsmålet, og det er fleire gongar lova å svare ut dette av regjeringa, noko som skulle ha vore svart ut for fleire år sidan?
Begrunnelse
Stortinget har vedteke krav om nullutslipp for skip som skal ferdast i sjøområdet verdsarvområdet Geirangerfjorden i Møre og Romsdal, med verknad frå 1/1-2026.
Det er også gjort vedtak med krav om TIER 3 frå og med 1/1-2025.
Stranda kommunen ved Stranda Havnevesen KF har også søkt om såkalla "blå korridor" med særskilte unntak for bruk av cruisekai i Hellesylt som ligger utanfor verdsarvområdet, men der ein må gå igjennom sjøareal som er i verdsarvområdet for å komme seg til kaia.
Det er også behov for ei avklaring kva "nullutslipp" egentlig betyr, kva som vil ligge inn under dette som godkjent drivstoff, og kva overgansgordninger som eventuelt blir lagt til grunn.
Næringslivet begynner å få svært dårleg tid, og fleire ventar med nødvendige investeringar rett og slett fordi det ikkje er forsvarleg å gjennomføre betydelege investeringar mot noko som slett ikkje er tilstrekkelig avklart.
Det er også vedteke eige dok 8 forslag ang kraftsituasjonen til Hellesylt og Geiranger frå 2021, utan at regjeringa har svart ut vedtaket.
Det er pr. i dag overhode ikkje kraft tilgjengeleg, verken i Hellesylt eller Geiranger for å kunne tilføre tilstrekkeleg med energi til mindre passasjerbåtar, ferjer eller andre fartøy/skip.