Skriftlig spørsmål fra Kari-Anne Jønnes (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:1909 (2023-2024)
Innlevert: 29.04.2024
Sendt: 29.04.2024
Besvart: 06.05.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Kari-Anne Jønnes (H)

Spørsmål

Kari-Anne Jønnes (H): Jeg viser til mitt spørsmål 1824 (2023-2024) og statsrådens svar på dette.
Kan jeg få en oversikt over ventetid i snitt og median per kategori siden NOKUT ble opprettet?

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Det har ikkje vore mogleg å skaffe talla tilbake i tid som stortingsrepresentant Kari Anne Jønnes ynskjer innan dei fristane som Stortinget har sett for handsaming av spørsmål til skriftleg svar.

Ein konsekvens av den store auken i talet på søknader om akkreditering til NOKUT er lang liggjetid. Dette har vore ei utfordring sidan 2022/2023. Det er viktig å leggje til at sjølve saksbehandlingstida ikkje har vorte lengre, tvert imot har saksbehandlinga vorte effektivisert det siste året. Den sterke veksten i talet på studieplassar i fagskulesektoren dei siste åra er hovudårsaka til at det tek lengre tid frå ein søknad er motteken, til saksbehandlinga av han kjem i gang.

I 2023 var median total saksbehandlingstid for akkreditering av master- og bachelorutdanninger 359 dagar. For fagskuleutdanningar finst ikkje tilsvarande data, men saksbehandlingstida (frå søknaden er motteken til den er ferdig behandla) har hatt ein auke på grunn av fleire søknader. NOKUT har hatt eit mål om at alle søknader om fagskuleutdanning skulle bli behandla innan neste søknadsfrist. Dette blei ikkje oppnådd i 2023.

For institusjonsakkreditering av universitet og høgskular var median saksbehandlingstid på 431 dagar i 2023. For søknader om fagområdeakkreditering av fagskular har ambisjonen vore at dei skal bli ferdigbehandla innan neste søknadsfrist, ein ambisjon NOKUT har oppnådd. Her har det mellombels berre vore éin årleg frist, det vil det også vere i 2024.

Søknader om akkreditering av ph.d.-studium er meir omfattande og krev lengre saksbehandlingstid. Ambisjonen til NOKUT for denne typen søknader har vore 15 månader, og det har i stor grad vorte oppnådd. For søknader om akkreditering av ph.d.-studium er det éin søknadsfrist i året.