Skriftlig spørsmål fra Erlend Wiborg (FrP) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:2023 (2023-2024)
Innlevert: 10.05.2024
Sendt: 13.05.2024
Besvart: 21.05.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Erlend Wiborg (FrP)

Spørsmål

Erlend Wiborg (FrP): Det ble nylig avslørt at Iran utfører spionasje mot bl.a. Svenske universiteter.
Er noe lignende avdekket i Norge, og hva gjør eventuelt statsråden for å forhindre det?

Begrunnelse

I en artikkel som ble publisert i Expressen 7. mai 2024 kommer det frem at Revolusjonsgarden har innsikt i all forskning utført i samarbeid mellom iranske og utenlandske universiteter. Organisasjonen United against nuclear Iran (UANI) har gjennom kilder i Iran kommet over dokumenter som viser hvordan Revolusjonsgarden har totalt innsyn i de internasjonale samarbeidene til iranske universiteter. Ifølge UANI inngår alle iranske studenter og forskere som er i utlandet i et program som har som formål å tilegne seg kunnskap som kan brukes av forsvarsindustrien i Iran. Avtalen slår fast at forskningen skal brukes til «fiendtlighet mot fiender på veien mot å nå de vitenskapelige forsvarsmålene til den islamske revolusjonen». Dette er et bindende krav og ikke noe enkeltforskere eller universiteter har mulighet til å stå utenfor. I artikkelen kommer det frem at Revolusjonsgarden krever i dokumenter signert i 2021 at alle «professorer, forskere, studenter», tilknyttet iranske universiteter skal bygge landets forsvarsevner. Områder som anses å være av særlig betydning for det iranske regimet inkluderer droneteknologi, kunstig intelligens, datahåndtering og programvare for militærindustrien, men også klima- og landbruksforskning. Så sent som i fjor ble det avslørt at forskningsresultater fra en rekke britiske universiteter, inkludert prestisjetunge Cambridge, ble brukt av Iran til å forbedre motorer for militære droner.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Dei norske tryggings- og etterretningstenestene har dei seinaste åra peika konkret på høgare utdannings- og forskingssektoren som eit attraktivt mål for etterretningsverksemda til framande statar, mellom anna som følgje av tilgang til avansert forskingsinfrastruktur. Dette er noko vi har tatt tak i, særleg dei siste åra. Vi står ovafor ein heilt anna tryggleikspolitisk situasjon i dag enn for kort tid sidan, og det medfører eit større fokus på tryggleik enn tidlegare. Verksemdene i høgare utdannings- og forskingssektoren har i stor grad tatt innover seg rolla si også i eit nasjonalt tryggleiksperspektiv.
I årets FOKUS frå Etterretningstenesta står det følgjande: «Det er flere eksempler på at kinesiske og iranske forskere med koblinger til norske universiteter også jobber for aktører i hjemlandet som er involvert i utvikling og produksjon av militær teknologi. Utsatte forskningsområder er blant andre halvleder- og sensorteknologi, materialteknologi, kryptologi, IKT-sikkerhet, bioteknologi og kunstig intelligens.» Trugselen det er snakk om er med andre ord ikkje ukjend for sektoren. Eit viktig tiltak for å styrke tryggleiken er å halde sektoren oppdatert om trugselbiletet, slik at vi har ein felles situasjonsforståing. For å gjere det held eg mellom anna årlege sektormøte om tryggleik med sektoren der eg inviterer inn tryggings- og etterretningstenestene. Målet er å setje verksemdene i stand til å gjere gode risikovurderingar om blant anna internasjonalt samarbeid sjølve, basert på råd og rettleiing frå relevante myndigheitsaktørar.
Verksemdene i høgare utdannings- og forskingssektoren må etterleve eksportkontrollregelverket og sanksjonslova, inkludert forskrift om sanksjonar og tiltak mot Iran. Dei må også etterleve tryggingslova der den gjer seg gjeldande. Det er samstundes mange fagområde som blir peikt på som sensitive, men som ikkje er skjermingsverdige etter noko regelverk. Vi har derfor tatt initiativ til eit interdepartementalt arbeid knytt til særleg sensitive fagområder og teknologiar. Formålet er å vurdera tiltak som kan bistå både styresmakter og verksemder i arbeidet med å utvikle og verne kunnskap og kompetanse av strategisk verdi for nasjonal tryggleik, uavhengig av regelverk.
Høgare utdannings- og forskingssektoren skal vere så open som mogleg, men så lukka som nødvendig. Det er ikkje ønskeleg at vi skal skjerme alt. Samarbeid på tvers av landegrenser er viktig for forskinga, og for at Noreg skal henge med i utviklinga. Kunnskapssektoren er i si natur avhengig av internasjonalt samarbeid. At enkeltpersonar har skjulte hensikter når dei inngår i forskingsprosjekt er ein vedvarande risiko, og verksemdene må derfor vite kva slags verdiar dei har slik at dei kan trygge det som må tryggast og tillate openheit der det er mogleg.
Vi jobbar aktivt med å byggje kompetanse og styrke tryggleiken i sektoren. Forskingsrådet og HK-dir har til dømes laga retningsliner for ansvarleg internasjonalt samarbeid, med mål om å auke bevisstheita i norske forskingsmiljø om tryggleik, forskingsetikk, personvern, likeverd og eksportkontroll. I tillegg til sektormøta nemnt over har vi etablert eit nettverk for nasjonal tryggleik i kunnskapssektoren som fungerer som ein møteplass der verksemdene og relevante myndigheiter kan utveksle erfaringar og problemstillingar i arbeidet med forebyggande nasjonal tryggleik.