Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2027 (2023-2024)
Innlevert: 10.05.2024
Sendt: 13.05.2024
Besvart: 23.05.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Hva vil statsråden gjøre for å sikre at Statsforvalteren følger den anvisning som fvl. § 34 gir i saker som dette, og vil statsråden ta initiativ til at departementet omgjør Statsforvalters vedtak i denne saken?

Begrunnelse

Øygarden kommune innvilget søknad om etablering av en fortøyningsbrygge uten landgang – eller annen tilknytning til land.
I og med at fortøyningsbryggen ikke berørte landarealer, kun sjøarealer – kom regler om strandsonevern i plan- og bygningslovens § 1-8, og korresponderende bestemmelse i kommuneplanens arealdel, ikke til anvendelse. Strandsonereglene gjelder kun fra flomålet og innover på land.
Det var av denne grunn kun kommuneplanens bestemmelse om bruk- og vern av sjø og vassdrag som lå til grunn for kommunens innvilgelse av søknaden om fortøyningsbryggen. Denne bestemmelsen lyder som følger:
42. Bruk og vern av sjø og vassdrag, fleirbruksområde b. Tiltak eller inngrep som er i konflikt med natur, friluftsliv, ferdsle eller fiske er ikkje tillate, inkludert flytebrygger og kaianlegg. Det kan vurderast unntak for fortøyning av anlegg for akvakultur eller utlegging av sjøleidningar for vatn, av løp, varmepumper, straum- og telenett. Heimel: pbl. §§ 11-9 nr. 3 og 11-11 nr. 3.
Som det ses i punkt 42 b) gir bestemmelsen anvisning på et forvaltningsskjønn, hvoretter tiltak kan innvilges dersom det ikke er «i konflikt med natur, friluftsliv, ferdsle eller fiske».
Kommunen foretok den skjønnsutøvelsen som bestemmelsen gir anvisning på, og innvilget fortøyningsbryggen fordi den ikke ble ansett å komme i konflikt med de nevnte hensyn. Likevel omgjorde Statsforvalter i Rogaland kommunens vedtak med følgende begrunnelse:

«Den aktuelle flytebrygga har en størrelse og plassering som vil bidra til å privatisere sjøområdet utanfor eigedomen. Brygga vil hindre friluftsliv og ferdsel på sjøen utanfor eigedomen. Tiltaket krev difor dispensasjon frå føresegna i bokstav b) i den ovannemnde føresegna til kommuneplanen. Tiltakshavar har ikkje ønska å søke om dispensasjon. Statsforvaltaren finn på denne bekgrunn å måtte gjere om på kommunen sitt vedtak til avslag.»

Forvaltningsloven § 34 slår fast at «Der statlig organ er klageinstans for vedtak truffet av en kommune eller fylkeskommune, skal klageinstansen legge stor vekt på hensynet til det kommunale selvstyre ved prøving av det frie skjønn.» I denne saken la Statsforvalter ikke vekt på det kommunale forvaltningsskjønn. Statsforvalters vedtak inneholdt heller ingen henvisning til forvaltningsloven § 34.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Både regjeringa og eg er oppteken av ei fornuftig arealforvalting som byggjer på lokaldemokrati og eit stort lokalt handlingsrom for kommunane. Som lokal planmyndigheit skal kommunane derfor ha stor fridom til å fastsetje arealpolitikken. Val av løysingar i ein arealplan byggjer stort sett på lokalpolitiske og planfaglege vurderingar, og her skal statsforvaltaren leggje stor vekt på det kommunale sjølvstyret dersom dei prøver vurderingane kommunen har gjort i arealplanvedtaket. Denne føringa for korleis klageinstansen skal vektleggje omsynet til det kommunale sjølvstyret for lokale forvaltningsskjøn kjem til uttrykk i forvaltingslova § 34.
Representanten tek i spørsmålet opp ein konkret byggjesøknad frå Øygarden kommune. I denne saka har tiltakshavaren søkt om løyve til å leggje ut ei privat flytebryggje i sjøen utanfor sin eiga bustadeigedom. Dette tiltaket er i strid med plan- og bygningslova fordi gjeldande arealplan ikkje tillèt utlegging av flytebryggjer, eller andre tiltak, som er i konflikt med omsynet til natur, friluftsliv, ferdsel eller fiske i sjøareala. I arealdelen til kommuneplanen har Øygarden kommunen gjort ei konkret vurdering av at det er forbode med flytebryggjer i det aktuelle området.
Etter plan- og bygningslova har ein tiltakshavar krav på å få løyve dersom tiltaket ein søkjer løyve til, er i samsvar med lovgivinga. På den andre sida står ikkje kommunen fritt til å gjere unnatak frå materielle føresegner. Ein søknad om eit tiltak som er i strid med krav i lovgivinga skal derfor avslåast. Når kommunen mottek ein byggjesøknad, har dei ikkje høve til å gi løyve til tiltak i strid med lovgivinga etter si eiga skjønsmessige vurdering, og dei har ikkje høve til å gi planføresegner som utvidar, innskrenkar eller endrar retten til å gi dispensasjon etter plan- og bygningslova kapittel 19. Føresegna i forvaltingslova § 34 om at det det skal leggjast stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved overprøving av det frie skjønet gjeld berre når det er snakk om overprøving av eit forvaltningsskjøn.
For byggjesøknaden frå Øygarden kommune er føresegna i forvaltningslova § 34 ikkje relevant, og det er ikkje grunnlag for å overprøve den vurderinga statsforvaltaren har gjort av saka når det gjeld tolking av arealdelen til kommuneplanen og vilkåra i lova for å gi løyve. Både kommunen, statsforvaltaren og departementet må følgje norsk lov.