Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa har tidlegare ikkje hatt oversikt over talet på tilsette i staten med fast arbeidsstad utanfor ordinær kontorstad eller kor mange staduavhengige stillingar i staten som har vorte utlyst, jmf. svar på mitt skriftlege spørsmål Dokument nr. 15:2031 (2022-2023).
Kan kommunal- og distriktsministeren no gjere greie for omfang og rutiner for bruk av og røynslene med desentralisert arbeid i staten, ut frå dei statlege verksemdene sine årsrapportar for 2023, der dei var pålagt å gjere greie for dette?
Begrunnelse
Auka bruk av desentralisert arbeid i staten kan styrke lokale kompetansemiljø og auke distrikts-Noreg sin tilgang til kompetansearbeidsplassar. Tilrettelegging for at statlege arbeidsoppgåver kan bli utført staduavhengig, vil kunne bidra til at ein held på og styrkar fagkompetanse i distrikta, og til å skape større fleksibilitet i det statlege arbeidslivet. Det kan betre rekruttering av etterspurt kompetanse, gje høve til å halda på kritisk arbeidskraft dersom arbeidstakarar flyttar og det gir fleire tilgang til kompetansearbeidsplassar i staten.
Eg er difor glad for at tilrettelegging for desentralisert arbeid no blir gitt som ei fellesføring frå regjeringa til alle underliggande statlege verksemder. Alle statlege verksemder skal, i følgje Kommunal- og distriktsministeren sitt svar på mitt skriftlege spørsmål Dokument nr. 15:2031 (2022-2023), no vurdere kva mogelegheit dei har for auka bruk av desentralisert arbeid, med det formål å oppnå meir desentralisering av statlege arbeidsplassar og styrkje lokale fagmiljø. I føringa blir det peikt på at slikt desentralisert arbeid fortrinnsvis bør bli kombinert med høve til å vere knytt til eit kontorfellesskap der det er tilgjengeleg.
Tidlegare har regjeringa rett og slett ikkje hatt oversikt over talet på tilsette i staten med fast arbeidsstad utanfor ordinær kontorstad eller over kor mange staduavhengige stillingar i staten som har vorte utlyst.
For å bøte på dette, har regjeringa kravd at frå og med årsrapporten for 2023 skal alle statlege verksemder skal i årsrapporten gjere greie for si vurdering av mogelegheitene for desentralisert arbeid, omfang og bruk av desentralisert arbeid i verksemda og erfaringane med dette. Dersom verksemda ikkje har hatt auke i desentralisert arbeid eller dersom bruken har gått ned, skal det særskilt gjerast greie for årsakene til dette.
No er vi komne så langt at årsrapportane for 2023 er ferdigstilt og oversendt dei respektive departementa. Eg ber difor om å få den samla oversikten over omfanget og bruk av desentralisert arbeid i staten som dette nye kravet var meint å gi.