Helge André Njåstad (FrP): Vil Vestland fylkeskommune få samme økonomiske bidrag frå staten om dei gjennomfører konkurranse for nye hurtigbåtar med klimakrav no?
Begrunnelse
Vestland fylkeskommune held på med konkurranse for drift av hurtigbåtruter frå og til Bergen til Sogn og Nordjord. Dette er viktige ruter for fylket og eit oppdrag som krever nybygg vil vera bra for aktiviteten for verfta og anna leverandørindustri. No held fylkeskommunen på å vurdere å utsette prosessen pga. manglande statlege avklaringar på økonomiske bidrag. Noko som er sjølvssagt om det må stillast strengare klimakrav for å oppnå statlege forventningar. Eit sentralt spørsmål som er viktig å få klarhet i er om ein evt. framlegg om bidrag i statsbudsjettet og vil fange med dei som alt har lyst ut anboda. Difor utfordrar eg statsråden på om fylkeskommunar som no gjennomfører konkurransar vil få samme bidrag som dei som utsett konkurransane og venter på statleg bidrag.