Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram total pengebruk, og absolutt alle former for pengebruk, som er forbrukt av Statens vegvesen i 2024 på Møreaksen?
Begrunnelse
Møreaksen er parkert av regjeringa i framlegg til ny NTP, der regjeringa endeleg har lytta til underteikna på dette aldeles meiningslause prosjektet som folket i Møre og Romsdal ikkje vil ha.
Derimot reknar eg med at Statens vegvesen region midt ikkje bryr seg mykje om verken regjering eller statsråd og kva signal og framlegg som blir lagt fram ang Møreaksen, dette har dei grundig bevist over lang tid.
-Statens vegvesen region midt gjer som dei vil, er min påstand.