Skriftlig spørsmål fra Erlend Wiborg (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2159 (2023-2024)
Innlevert: 30.05.2024
Sendt: 30.05.2024
Besvart: 04.06.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Erlend Wiborg (FrP)

Spørsmål

Erlend Wiborg (FrP): Kan jeg få en oversikt over andelen ekteskap som ender med skilsmisse fordelt på opprinnelsesland, og også hvis mulig andelen som får barn med sin fraskilte ektefelle, også fordelt på opprinnelsesland?

Begrunnelse

Hvis det ikke er mulig å få disse tallene basert på opprinnelsesland så ønsker jeg å få de basert på om det er norskfødte/født i utlandet og fordelt på personer med med oppholdstillatelse vs. norske statsborgere.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Barne- og familiedepartementet fører ikkje eigne statistikkar. Det er Statistisk Sentralbyrå (SSB) som fører statistikk over giftarmål, separasjonar og skilsmisser i Noreg, som dei publiserer kvart år. Det går ikkje fram av denne statistikken kva for eit opphavsland partane har, statsborgarskapa deira eller om tidlegare ektefellar eventuelt får barn etter at dei er separerte eller skilde.
Meir detaljerte opplysningar om familieinnvandring og oppløysing av ekteskap i innvandrar-befolkninga, kan ein finne i ulike forskingspublikasjonar, mellom anna frå SSB. Eg er sjølv ikkje kjend med forsking som gir svar på dette spørsmålet, men kan til dømes vise til prosjektet «The family lives of children of immigrants in Norway» som studerer samlivsinngåing og familieetablering blant barn av innvandrarar i Noreg.