Helge André Njåstad (FrP): Kva vil statsråden gjera for å fylgje opp bekymringane til Ål formannskap om auka narkotikabruk?
Begrunnelse
Denne helga besøkte eg Ål kommune og fleire lokalpolitikarar oppdaterte meg på situasjonen med auka narkotikabruk blant unge i regionen. Dei viste også til brev frå formannnskapet til departementet om situasjonen. Kommunen viser til ynskje om å gje Politiet fleire verktøy i kampen mot narkotika. Det kan tyde på at mange opplever riksadvokaten sitt brev som «vingeklipping» av Politiet i narkotikakampen så det kunne vera på sin plass at statsråden slo fast at narkotika er forbudt og at Politiet sjølvsagt må kunne ransake unge for å bekjempe dette og ikkje stadfeste eit etterlattinntrykk at narkotika ikkje er ulovleg. Dette signalet kan statsråden gje i svaret til Ål formannskap og på mitt spørsmål.