Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2201 (2023-2024)
Innlevert: 04.06.2024
Sendt: 04.06.2024
Besvart: 14.06.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for om der finnast mogelegheiter for ei eiga statleg finansiering eller medfinansiering av ei tilstrekkeleg rassikring av denne svært viktige nasjonale turistattraksjonen på ein like viktig nasjonal turistveg?

Begrunnelse

Trollstigen på Fv63 frå Åndalsnes til Valldal er eit av Norges mest besøkte turiststed, og på mange måtar eit verds kjent turistikon, som også har status som nasjonal turistveg.
Trollstigen har større problem med ras og rasfare, der Møre og Romsdal fylke har utfordringar med korleis ei tilstrekkeleg rassikring av dette vegsambandet kan utførast også finansierast.
Dette svært viktige turistområdet kan ikkje akkurat berre leggjast i tunell, då vil heile verdien av turistatraksjonen forsvinne og bli øydelagd.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Trollstigen er ein del av fylkesveg 63 mellom Åndalsnes og Valldal i Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkeskommunen er vegeigar og har ansvar for forvaltning, finansiering, drift og vedlikehald av vegen. Det gjeld for alle fylkesvegar, også dei som har status som nasjonale turistvegar. Staten sitt ansvar for tiltak på turistvegar er fyrst og fremst å planlegge, bygge og fornye rasteplassar, utsiktspunkt og store attraksjonar. Den enkelte fylkeskommune avgjer sjølv kva for sikringstiltak som er viktigast å prioritere på sine vegar, og eg merkar meg at fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune er godt i gong med å vurdere ulike løysningar for å sikre strekninga Hulderbrua – Stigfossbrua på fylkesveg 63 Trollstigen.
Fylkesvegane finansierast i hovudsak gjennom rammetilskotet frå Kommunal- og distriktsdepartementet, skatteinntekter og bompengar. Det gis eigne midlar til rassikring gjennom rammetilskotet. Det vart i 2024 løyva 942 mill. kr i særskild fordeling til ras- og skredsikring av fylkesveg, og av desse fekk Møre og Romsdal 127 mill. kr.
I Meld. St. 14 (2023-2024) Nasjonal transportplan 2025-2036 legg regjeringa opp til at Møre og Romsdal får 3,7 mrd. kr til fylkesveg i første seksårsperiode. Midlane kjem i tillegg til det ordinære rammetilskotet til fylkeskommunen. I første seksårsperiode inneberer det ei auke på over 600 mill. kr samanlikna med flat vidareføring av 2024-budsjettet.
Eg har nyleg fått brev frå Møre og Romsdal fylkeskommune der dei ber om eit møte om Trollstigen. Eg vil takke ja til møtet og ha dialog med fylkeskommunen om korleis dei arbeider vidare med å sikre trafikantane på denne vegstrekninga.