Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2202 (2023-2024)
Innlevert: 04.06.2024
Sendt: 05.06.2024
Besvart: 12.06.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Hva konkret har statsråden gjort, og hva vil hun gjøre for å sikre at familievernkontorene fortsatt kan tilby gode tjenester til dem som trenger, i både store og små kommuner?

Begrunnelse

Familievernet er en viktig tjeneste som tilbyr både rådgivning, veiledning, kurs og samtalegrupper til familier og folk som opplever vanskeligheter i hverdagen. De hjelper for eksempel familier med barn der foreldre vurderer samlivsbrudd.
På Støre-regjeringens vakt ser vi at mange familievernkontorer har økonomiske utfordringer. Dette rammer spesielt familievernkontor i mindre kommuner, og gjør at mange ikke får hjelp.
Denne problemstillingen har vært kjent over tid. Til NRK mandag 1. april 2024 sa statsråden at:

«– Eg er opptatt av at tenestene blir godt drivne. Vi vil følge dette opp på eigen måte i samråd med Bufdir».

I en kronikk i Firdaposten tirsdag 4. juni 2024 skriver folk tilknyttet Bjørgvin familiekontor, Familiekontoret i Nordfjord, og familiekontara for Sunnfjord og Sogn, at:

«Nedskjeringa og nedbemanning, kombinert med den auka pågangen, fører til at familievernet i Noreg ikkje lenger klarer å vere det lågterskeltilbodet det er meint å vere. Ved mange av kontora er det lange ventelister, familiar må vente lenge for å kome til, og kriteria for å ta imot hjelp blir også strengare».

Dette er en uholdbarsituasjon, som går utover barn og familier som trenger hjelp og støtte i hverdagen. Det vil derfor være nyttig å vite hva statsråden har gjort, og hvilke tiltak statsråden vil gjennomføre, for å endre situasjonen. Det er viktig at familier i store, men også små kommuner får den hjelpen de trenger.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Familievernet og tenestene dei yter er særs viktige. Det er viktig for meg at tenestene i familievernet skal vere tilgjengelege både i små og store kommunar. Eg er kjend med at familievernet opplever auka pågang kombinert med at dei har måtta tilpasse budsjetta sine til den økonomiske situasjonen. Eg er opptatt av at familievernet framover skal kunne utvikle seg til å vere det lågterskeltilbodet det er meint å vere, og at ventetidene ikkje skal vere lange. Sjølv om det har vore stabile overføringar til familievernkontora under denne regjeringa, har det også vore ein ekstraordinær løns- og prisauke. Familievernkontora fekk ei ekstraordinær løns- og prisjustering av statsbudsjettet for 2023 i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, Prop.118 s.(2022-2023), på lik linje med dei andre postane i statsbudsjettet. Det er difor ikkje rett som spørsmålsstillar gir inntrykk av, at denne regjeringa har aktivt kutta i finansieringa av familievernet. Løyvinga til familievernet er pris- og lønsjustert på lik linje med dei andre postane i statsbudsjettet. Eg har fått meldingar om at familievernet likevel opplever at løns- og prisjusteringa ikkje har vore tilstrekkeleg.
På bakgrunn av dette og andre innspel, inviterte departementet nyleg til eit innspelsmøte med 40 familievernkontor, der det overordna temaet var korleis vi kan sikre ei god utvikling av familieverntenesta framover. Tema som blei tatt opp var kva føremålet og målgruppa til tenesta skal vere, og kva slags oppgåver tenesta bør ha. Eit anna tema som vart tatt opp på innspelsmøtet, var den økonomiske situasjonen for kontora, irekna dei små. Eitt av spørsmåla som vart diskutert, var ventetider og pågang på kontora. Ei tilbakemelding på innspelsmøtet var at tenesta i dag er for lite avgrensa, og med eit for uklart mandat. Dette er spørsmål som påverkar ventetidene, og i kva grad familievernet klarer å tilby gode tenester.
Eg er opptatt av at familieverntenesta skal ha rammer som gjer at dei kan gi eit likeverdig tilbod over heile landet. Eg vil også følgje opp denne og andre utfordringar med dagens teneste, blant anna i arbeidet med ny lov om familieverntenesta, som skal leggjast fram for Stortinget neste vår.