Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2250 (2023-2024)
Innlevert: 07.06.2024
Sendt: 10.06.2024
Rette vedkommende: Barne- og familieministeren
Besvart: 17.06.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Er vedtak om å bli plassert på strengt fortrolig adresse enn beslutning eller et enkeltvedtak med klagerett etter forvaltningsloven?

Begrunnelse

Aftenposten hadde 7. juni en reportasje om barn som har levd på strengt fortrolig adresse (tidligere kode 6). Denne beslutningen ser det ut som er gjort av Barnevernet uten at det er klageadgang på enkeltvedtaket. Dersom reglene etter forvaltningsloven blir fulgt kan det se ut som at praksisen i dag fremstår så de det gjelder har få muligheter til å få klagebehandla spørsmålet eller bragt det inn for domstolene. Tiltaket er svært inngripende for den enkelte så det er viktig at rettstatsprinsipper gjelder med adgang til klage- og domstolsbehandling av spørsmålet er et tema.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Når barnevernet bestemmer at eit barn skal bu på strengt fortruleg adresse er det eit enkeltvedtak, som det er klagerett på. Det vil seie at barnevernet skal følgje saksbehandlingsreglane i forvaltningslova. Aftenposten sin reportasje om dette har fått fram at Bufdir sitt rundskriv om saksbehandling i barnevernet ikkje har vore tydelig nok, og har omtalt slike vedtak som berre ei «beslutning». Det er derfor ein risiko for at det kan ha skjedd feil i saksbehandlinga og brot på forvaltningslova i desse sakene. Det er sjølvsagt veldig alvorleg og uakseptabelt, og det må ta slutt.
Eg er glad for at Bufdir no har oppdatert rundskrivet sitt for å få fram at avgjerda er eit enkeltvedtak, og at det difor mellom anna er klagerett. Bufdir har òg sendt brev til alle Statsforvaltarane om at dei er rette klageinstans, så dei er førebudd på eventuelle klager i slike saker. Statsforvaltarane skal sørge for at alle kommunar og barnevernstenester får beskjed om endringane i rundskrivet. Eg vil i tillegg ta opp saka med Helsetilsynet i neste veke, så dei kan gjere sine vurderingar om kva for slags tilsyn eller andre kontrolltiltak som eventuelt bør gjerast på feltet. Eg har dessutan oppfordra alle kommunar om å gå i gjennom sine saker og sjå til at vedtak er blitt gjort i tråd med forvaltningslova, og å gjere nye tryggleiksvurderingar, som ifølgje rundskrivet skal gjerast minst ein gong i året.
I tillegg til å klargjere saksbehandlingsreglane for desse vedtaka, vil eg sjå nærare på heile saksområdet. Barn som treng beskyttelse må få det slik at dei er trygge, og nokon barn treng særskilt inngripande tiltak som det å måtte bu på strengt fortruleg adresse. Dette er svært belastande for eit barn og familien, og rettstryggleiken rundt slike vedtak skal og må vere på plass. Eg vil hente inn meir informasjon, og mellom anna få vurdert barnevernets fullmakter i slike saker, og gjere ei ny vurdering av kven som bør vere rette styresmakta til å gjere vedtaka. Det er også viktig å sjå på kva slags prosessar vi må ha i slike saker for å sikre rettstryggleiken til dei dette gjeld.