Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren vise til statistikk som syner om elbilar er meir utsatt for ulykker i trafikken enn bilar med forbrenningsmotor, og då med tanke på vekt og dei store berøringskjermane?
Begrunnelse
Elbilar veit vi er betydeleg tyngre enn samanliknbare bilar med diesel/bensin motorar.
På spesielt vinterføre men også generelt vil det vere utfordringar med dette og sannsynligheita for at disse elbilane er meir ulykkesutsatte enn andre bilar er påfallande.
Disse nye elbilane er også utstyrt med store berøringskjermar for mediestyring osv., som åpenbart tar fokuset vekk frå sjølve bilkøyringa.
Køyrer ein bil og brukar mobiltlf. får ein ei sabla bot, men bruk av disse gigant berøringskjermane er lovleg å bruke.