Skriftlig spørsmål fra Sofie Marhaug (R) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2269 (2023-2024)
Innlevert: 11.06.2024
Sendt: 11.06.2024
Besvart: 19.06.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Sofie Marhaug (R)

Spørsmål

Sofie Marhaug (R): Er statsråden enig i at Viken Park-planene ikke oppfyller lovens krav til konsekvensutredninger?

Begrunnelse

NRK (8.6.2024) har beskrevet hvordan Viken Park har fått grønt lys, først av Østfold fylkeskommune, og siden som en del av Fredrikstad kommune gjennom arealplanen, og blitt avsett som næringsareal. Planområdet utgjør 1,8 kvadratmeter, der 700 000 skal bygges ned permanent. Dette til tross for at planområdet inneholder store naturverdier, inkludert gammel furuskog og rødlistede arter.
Da saken først ble behandlet i fylkeskommunen, stod det ikke noe om naturverdiene i sakspapirene. Da kommunen fikk saken på sitt bord, inneholdt sakspapirene følgende formulering: «Grønt lys. Ingen registreringer.»
Hele prosessen fremstår villedende. Ekspert i plan- og bygningsrett, Nikolai Winge, stiller overfor NRK spørsmål med hvorvidt denne konsekvensutredningen oppfyller lovens krav. Som det heter i Forskrift om konsekvensutredningers første paragraf:

«Formålet med forskriften er å sikre at hensynet til miljø og samfunn blir tatt i betraktning under forberedelsen av planer og tiltak, og når det tas stilling til om og på hvilke vilkår planer eller tiltak kan gjennomføres.»

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Tofteberg i Fredrikstad kommune blei teke inn i Fylkesplan for Østfold mot 2050 som eit nytt regionalt næringsområde for plasskrevjande verksemder i 2018. Området erstatta delar av Moum næringsområde og Arum som blei tilbakeførte til landbruks-, natur- og friluftsområde. Fredrikstad kommune sette Tofteberg-området av til næringsområde i kommuneplanens arealdel i 2023, og sende forslag til områderegulering med konsekvensutgreiing på høyring i desember 2023.
Det følgjer av plan- og bygningslova at regionale planar og kommuneplanar med retningsliner eller rammer for framtidig utbygging, og reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal ha konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutredningar. Føremålet er å sikre at det blir teke omsyn til kunnskap om verknader for miljø og samfunn, mellom anna naturmangfald, ved utarbeiding og godkjenning av planane.
Etter forskrift om konsekvensutgreiingar skal innhald og omfang av konsekvensutgreiingar vere tilpassa den aktuelle planen, og vere relevante for dei avgjerdene som skal takast. Normalt vil kunnskapsgrunnlaget og utgreiingane knytt til ein reguleringsplan vere meir detaljert enn for kommuneplanens arealdel og regionale planer, som er av meir overordna karakter. Det går fram av forskrifta at konsekvensutgreiinga skal ta utgangspunkt i relevant og tilgjengeleg informasjon. Viss det manglar informasjon om viktige tilhøve, skal ein innhente slik informasjon. Forskrifta om konsekvensutgreiingar er no under revisjon, og departementa vil i dette arbeidet og sjå nærare på krava til kunnskapsgrunnlaget.
Når det gjeld den konkrete saka er han ennå til handsaming i kommunen, og eg ønskjer difor ikkje å kommentere han nærare. Eg har likevel tillit til at kommunen gjer grundige vurderingar av planforslaget, konsekvensutgreiinga og uttaler frå aktuelle styresmakter ved slutthandsaming av planen, og at dei tar naudsynte omsyn når dei skal fatte eit endeleg planvedtak.