Liv Kari Eskeland (H): I tildelingsbrevet til Sjøfartsdirektoratet, ref. 23/7401-4, skriv NFD at direktoratet skal gjennomføre høyring og fastsetta reglar om begroing på skipsskrog innan utgangen av juni 2024. Høyringsfristen vart sett til 06.06.2024, tre veker før fristen. Den foreslåtte reguleringa er kontroversiell, og Sjøfartsdirektoratet har motteke mange høyringssvar frå tunge næringsaktørar som oppfattast å vera kritiske.
Er det mogleg å gjera seriøse og gode vurderingar på så kort tid sett i lys av dei protestar som er kome under høyringa?
Begrunnelse
I høyringa med saksnr. 2024/20963 foreslår Sjøfartsdirektoratet ei ny forskrift om begroing på skipsskrog. Reguleringa krev oppsamling ved skrogvask, og forskrifta gjeld både skip og flyttbare innretningar. Den norske maritime næringa, miljøorganisasjonar, tenesteleverandørar og fleire andre norske og internasjonale aktørar har reagert på den foreslåtte forskrifta, og ser innføring av ei særnorsk forskrift kan vera konkurransevridande utan at miljøet nødvendigvis vert betra. Eitt av ankepunkta er at forskrifta ikkje tillet skrogvask utan oppsamling. I høyringssvara kan ein lesa om ei næring som er bekymra for at vask med oppsamling på flyttbare innretningar (til dømes riggar), ikkje let seg gjennomføra i praksis fordi det ikkje er utvikla teknologi for slik vask. Det kjem også fram at forskrifta er svært uklar på fleire område, og kan koma til å føra med seg unødvendige kostnadar for næringa, som ikkje har reell verdi for miljøpåverknaden. Fleire høyringssvar stiller seg kritiske til at den foreslåtte forskrifta ikkje fell saman med IMO sine retningsliner, som vart godkjende av MEPC i fjor. Ikkje minst deler fleire av høyringssvara ei bekymring for at den nye forskrifta kan verte øydeleggande for miljøet, både med tanke på overføring av skadelege framande artar og med tanke på auka klimagassutslepp.
I Noreg har me selskap som utviklar skrogvask-teknologi utan oppsamling, tenesteleverandørar som utfører skrogvask utan oppsamling, og rederi som vaskar skroga sine utan oppsamling. Det er viktig å lytte til desse aktørane i ein prosess som dette, og å bygge seg opp kunnskap og erfaring før nasjonale krav vert iverksette.
Denne forskrifta skal etter planen tre i kraft 1. juli 2025. Det er ikkje noko i vegen for at Sjøfartsdirektoratet utvidar høyringsperioden og innleier ein faktisk dialog med næringa og andre aktørar som engasjerer seg i denne saka, for å opplyse saka best mogleg, og på bakgrunn av dette ta den beste avgjerda med tanke på miljøet og norske konkurransevilkår.