Skriftlig spørsmål fra Anna Molberg (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:2366 (2023-2024)
Innlevert: 21.06.2024
Sendt: 21.06.2024
Besvart: 27.06.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Anna Molberg (H)

Spørsmål

Anna Molberg (H): Hva mener statsråden om at HINN har besluttet å fjerne eller pause 3 lokale studietilbud ved Høyskolesenteret i Kongsvinger?

Begrunnelse

Utbyggingen av det lokale høyskoletilbudet gjennom flere år kommer etter at politikere, akademia og næringsliv har samarbeidet for å forbedre utdanningsnivået i Kongsvingerregionen, og det er utviklet nye fagtilbud i tråd med behovet samfunnet har for ny kunnskap i årene som kommer. I tillegg er det etablert et lokalt forskningssenter som skal arbeide blant annet med temaer direkte knyttet til fagene som kuttes.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Høgskolen i Innlandet har etter det eg kjenner til, sett studietilbod på pause ved fleire av studiestadane sine, inkludert Kongsvinger. Universiteta og høgskulane gjer kvart år vurderingar av kva for studietilbod dei skal ta opp studentar på, blant anna i lys av søkartala. Dette er altså ikkje uvanleg.
Universiteta og høgskulane er rammefinansierte, og avgjer sjølve korleis dei vil disponere rammeløyvinga til ulike tiltak for å nå dei måla som er sette for sektoren og den einskilde institusjonen. Vidare er det universiteta og høgskulane som har ansvaret for å dimensjonere eigne studietilbod i tråd med interessa frå søkarane og behova i arbeidslivet.
Det er viktig at institusjonane har god dialog med næringsliv, kommunar, helse- og velferdstenester og andre sentrale aktørar, slik at behova i arbeidslivet kjem godt med i dei vurderingane som blir gjort.
Med stor fridom til å sjølve disponere eigne midlar kjem òg eit ansvar. Eg har tillit til at institusjonane gjer gode vurderingar av kva som er viktig å prioritere.
Det viktigaste vi kan gjere frå nasjonale myndigheiter si side er å sikre at universiteta og høgskulane har gode rammevilkår. Dei direkte løyvingane til universitet og høgskular er framleis på eit svært høgt nivå, og monaleg større enn i 2019 før pandemien. Den samla rammeløyvinga til universitet og høgskular er på 45,4 milliardar kroner i 2024. Det utgjer ein realvekst på 1,5 prosent sidan 2019. I eit stramt budsjett, kor det er viktigare å prioritere enn på lenge, har regjeringa sørga for gode rammevilkår for universitet og høgskular.
I 2024 tildelte regjeringa dessutan 200 millionar kroner, primært til fleircampusinstitusjonar, for å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire gjennom å styrkje det desentraliserte og fleksible utdanningstilbodet. Av dette gjekk 21 millionar kroner til Høgskolen i Innlandet.
Etter framlegg frå regjeringa fekk Høgskolen i Innlandet i statsbudsjettet for 2024 midlar til 20 studieplassar i vernepleie på Kongsvinger og 3 millionar kroner for å styrkje forskingsaktiviteten på Kongsvinger. Regjeringa ønskjer altså å styrkje studietilbodet i Kongsvinger.