Alfred Jens Bjørlo (V): Meiner utanriksministeren det er greitt at det skjer omfattande transport av russisk fisk i regi av eit norsk reiarlag, attpåtil i skip med russisk mannskap, stemmer at det at det aktuelle reiarlaget har blitt «..oppfordret til å ikke drive selvsanksjonering utover det myndighetene har bestemt» og vil utanriksministeren vurdere å skjerpe sanksjonsregelverket for å hindre at denne praksisen held fram?
Begrunnelse
Sist veke omtalte Fiskeribladet/Kysten Næringsliv og andre media eit norsk reiarlag som framleis eksporterer russisk fisk i stor skala. Skipa til det aktuelle norske reiarlaget, som attpåtil har russisk mannskap om bord, har vore i Murmansk heile 32 gonger sidan krigsutbrotet. Det bidrar til å halde oppe Russlands krigsøkonomi.
Til NRK 19. juni (jmf. Russisk lasteskip ble nektet adgang i frykt for spionasje – her får de norsk hjelp – NRK Nordland) seier reiarlaget at deira verksemd er innanfor sanskjonsregelverket, og at dei «..har blitt oppfordret til å ikke drive selvsanksjonering utover det myndighetene har bestemt».
Med atterhald om at dette er korrekt, noko eg vonar statstråden kan oppklare, framstår det frå underteikna sin ståstad som merkverdig at regjeringa tilsynelatende verken vil oppmode reiarlag til å ta samfunnsansvar når gjeldande sanksjonsregelverk er mangelfullt, og heller ikkje ønskjer å skjerpe regelverket, til dømes ved å slutte å gi dispensasjonar til russiske kapteinar på norske skip.