Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:2676 (2023-2024)
Innlevert: 22.08.2024
Sendt: 02.09.2024
Besvart: 09.09.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): FNs menneskerettighetskomité har kommet med en avgjørelse hvor de kritiserer høyesteretts dom i Jovsset Ánte Sara-saken. Komiteen mener statens behandling av Sara er en krenkelse av hans menneskerettigheter.
Hva vil statsråden gjøre for å bøte på menneskerettighetsbruddet?

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Landbruks- og matdepartementet har motteke FNs menneskerettskomité si uttale av 19. juli 2024. Komiteen uttalte at vedtak retta mot Jovvset Ante Sara om reintallsreduksjon krenka hans rett til kulturutøving etter artikkel 27 i FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheta.
Departementet jobbar no med å gå gjennom komiteen si uttale, og vil senda over svar til komiteen innan fristen på 180 dagar.
Departementet sende 1. juli 2024 på høyring eit forslag til endringar i reindriftsloven. I høyringsnotatet er reintallsreduksjonsføresegnene i lovens § 60 eit sentralt tema, og det er foreslått ein ny reintallsreduksjonsmodell. Reduksjonsmodellen er utvikla gjennom konsultasjonar og arbeidsmøter med NRL og Sametinget, og det føreligg einigheit om å sende forslaget på høyring.
Forslaget har som formål og hindre posisjonering av reintalet og gir sidaen auka fleksibilitet til sjølv å bestemma korleis reduksjonen skal skje. Dette inneber at det blir lagt til rette for auka internt sjølvstyre. I tillegg vil forslaget slik som det er utforma vera eit meir effektivt hjelpemiddel dersom sidaen ønskjer å skjerma dei minste sidaandelane.
Departementet sitt arbeid med revisjon av reindriftsloven og loven sine reduksjonsføresegnar, vil vere eit sentralt element i svaret til FN sin menneskerettighetskomité.