Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2807 (2023-2024)
Innlevert: 15.09.2024
Sendt: 16.09.2024
Besvart: 24.09.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Familieministeren mener det er synd at muligheten til å få boliglån er det som hindrer unge par i å få barn, men vil hun og regjeringen gjøre noe konkret i nær fremtid for å ta disse parene på alvor?

Begrunnelse

I Bt 15. september kan vi lese at familieministeren mener det er synd at muligheten til å få boliglån er det som hindrer unge par i å få barn.
Det vises til at regjeringen har satt ned et utvalg som skal se på tiltak for å forebygge lave fødselstall. Statsråden sier det vil være helt naturlig at utvalget ser på det med boliglån.
Utvalget skal imidlertid først levere sin NOU i løpet av vinteren 2026. Inntil da er det få alternative løsninger for unge foreldre uten sterk egenkapital skrives det i saken.
Kort oppsummert betyr det at den først kan komme til behandling på Stortinget vår/ sommer 2027, men muligens også senere.
https://www.bt.no/nyheter/okonomi/i/0V9OWG/unge-foreldre-med-barn-sliter-med-aa-faa-boliglaan

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Regjeringa har oppnemnt eit utval om fødselstal og velferdsordningar for barnefamiliar. Utvalet skal mellom anna vurdere verknadane av offentleg politikk som råkar barnefamiliar og vurdere korleis politikken påverkar val om å få barn. Vidare skal dei føreslå moglege tiltak. Dei skal levere si utgreiing innan 18 månader frå oppstart og ein delleveranse innan april 2025. Delleveransen skal innehalde einskilde tiltak som kan auke fødselstala og ei vurdering av kostnadane ved tiltaka, eventuelle målkonfliktar og i kva grad tiltaka føreslått kan ha varig effekt.
Regjeringa har gjort fleire tiltak for å styrkje norsk bustadpolitikk som gjer at også unge og førstegongsetablerarar får moglegheit til å kjøpe sin eigen bustad. Etter at regjeringa tiltredde har vi auka låneramma til Husbanken med 13 milliardar kroner, til 32 milliardar kroner i 2024. Det er den høgste låneramma nokon gong. 18,5 milliardar kroner er set av til startlån. Med det kan mange fleire enn før gå frå å leige til å eige ved hjelp av startlån.
Regjeringa vil også leggje betre til rette for alternative etableringsformer som "leige-til-eige" og andre kjøpsmodellar for bustadar. Her kan unge heilt eller delvis leige ein bustad som dei etter kvart får auka eigardelar i. Slik blir dei ein del av den ordinære bustadmarknaden, og får ta del i verdistigninga. Dette kjem særleg førstegongsetablerande i byområda til gode.