Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2808 (2023-2024)
Innlevert: 15.09.2024
Sendt: 16.09.2024
Besvart: 24.09.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Kan statsråden utdype og redegjøre for hvilke hjelpetiltak som i dag tilbys dem som er utsatt for ulovlig utenlandsadopsjon, og hvordan er det tenkt at et ev. støtteapparat skal bistå disse menneskene?

Begrunnelse

I en rekke tidligere spørsmål har jeg spurt ministeren om ulovlige og problematiske utenlandsadopsjoner, bl.a. fra Sør-Korea.
Nå er det satt ned et eksternt granskningsutvalg som startet opp sitt arbeid sist høst. Det betyr det er vel et år til de skal levere sine endelig funn og anbefalinger.
Denne uken kom det nyheter om en ny rapport fra sannhets- og forsoningskommisjonen i Sør-Korea. Den viser at tusenvis av kvinner ble presser til å gi bort barna sine til utenlandskadopsjon. Noen av disse barna kom også til Norge.
En av dem som er utsatt for denne grove uretten sier til NRK at det er mye hun er skuffet over og at det vanskeligste er at det ikke finnes et støtteapparat. Da blir man stående alene i svært krevende prosesser.
https://www.nrk.no/norge/ny-rapport-avslorer-systematisk-tvangsadopsjon-i-sor-korea-1.17038658

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: I fjor sette regjeringa ned ei ekstern gransking av utanlandsadopsjonar. Det overordna målet er å få svar på om, og eventuelt i kva omfang, det har vore ulovlege eller uetiske tilhøve i samband med utanlandsadopsjonar til Noreg. Utvalet skal jobbe fram til desember 2025, og vil komme med ein delrapport rundt årsskiftet. Bakgrunnen for nedsetjinga var at ei rekkje land hadde gjennomført granskingar av sine adopsjonssystem, og at det hadde blitt avdekka uforsvarleg praksis, samt at det var blitt kjent at det hadde blitt avdekt ulovlege handlingar i samband med adopsjonar til Noreg, slik at ein ikkje kunne utelukke at det har vore uforsvarlege sider ved det norske systemet for utanlandsadopsjonar. Spørsmålet om ulovlegheiter ved adopsjonar til Noreg er alvorleg, og eg ser fram til utvalet sin gjennomgang.
Det er viktig for meg at hjelpeapparatet for adopterte og deira familiar møter dei utfordringane målgruppa har, og kan gi spesialtilpassa bistand.
Adopterte og familiane deira har i dag tilbod om særskilde etteradopsjonstiltak, som skal dekke fleire av dei spesifikke behova denne gruppa kan ha. Bufdir informerer om tilbodet på sine heimesider, der det er lagt til rette for at adopterte og familiane deira raskt og lett skal kunne ta kontakt.
Regjeringa fekk på plass fleire nye etteradopsjonstiltak i 2023, som er vidareutvikla i 2024 og vil halde fram i 2025. Etteradopsjonstiltaka er utvikla for å møte særskilde utfordringar adopterte og familiane deira kan ha. Forma og innhaldet på etteradopsjonstiltaka kan bli justert og tilpassa dersom det kjem fram opplysningar som tilseier dette. Adopterte som meiner dei er utsett for ulovlege handlingar i sin adopsjon skal kunne få hjelp frå tilboda som fagdirektoratet har ansvar for.
• Det er etablert ei kompetanseteneste for adopterte og familiane deira. Tenesta gir individuell rettleiing til adopterte og pårørande om tenestetilbodet etter adopsjon. I tillegg gir tenesta informasjon og fagstøtte om adopsjonsspesifikke problemstillingar til bruk for andre aktuelle tenester. Adopterte som er bekymra for at det har skjedd noko gale i saka deira, har òg høve til å sende inn ei bekymringsmelding til Bufdir.
• Vidare har Bufetat starta opp ei ny teneste for bistand til søk etter biologisk opphav. Dette var noko dei adopterte tidlegare måtte gjere sjølve, eventuelt med bistand frå adopsjonsorganisasjonane. Bufetat kan òg kontakte opphavslandet på den adopterte sine vegner.
• Det er i tillegg etablert ei teneste for samtalestøtte til alle adopterte over 16 år. Her kan dei snakke med erfarne terapeutar, og dei kan få tilbod om inntil 6 timar.
• For å gi god oppfølging til barn som er adoptert og deres familier, på tvers av tjenester, er det viktig at kommunar mottar samordna og koordinert rettleiing. Det er behov for ein gjennomgang av eksisterande rettleiingsmateriell til kommunar om adopterte barn og deira familiar. I 2024 vart det sendt eit felles oppdrag til Bufdir (koordinator), Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet om dette frå Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kulturdepartementet.

I tillegg til det adopsjonsspesifikke støtteapparatet som ligg under mitt departement, har alle adopterte tilgang til det generelle tilbodet i helsevesenet, der mellom anna psykisk helsevern kan vere aktuelt. Terapeutane i samtalestøttetenesta kan gi den adopterte ei fråsegn som dei kan ta med seg til fastlegen, som eventuelt kan vise vidare til anna helsehjelp.