Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:2840 (2023-2024)
Innlevert: 18.09.2024
Sendt: 18.09.2024
Besvart: 27.09.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Hvordan vil statsråden bidra til å opprettholde utdanninger det er behov for, regionalt som i Østfold, og hvordan sikre høy kvalitet i utdanningene med den økonomiske situasjonen som flere universitet og høgskoler nå møter?

Begrunnelse

Denne uken varslet rektor Lars-Petter Jelsness-Jørgensen ved Høgskolen i Østfold en nedbemanning. Han utelukker ikke oppsigelser.
Ragnar Knudsen som er hovedtillitsvalgt for UNIO ved Høgskolen i Østfold forteller til NRK Østfold om en ny situasjon for høgskolen.

"- Nå kommer et knekkpunkt som skyldes regjeringens prioriteringer av helse og forsvar, og nedprioritering av kunnskapssektoren".

Tilsvarende oppslag har vi kunnet lese om flere høyere utdanningstilbud rundt om i landet.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Dei direkte løyvingane til universitet og høgskular er framleis på eit svært høgt nivå, og større enn i 2019 før pandemien. Utfasinga av dei mellombelse midlane frå pandemien gjer at mange institusjonar må omstille seg no. Regjeringa forventar at sektoren kan handtere justeringar i løyvinga etter ekstraordinære tiltak slik som i samband med pandemien.
Rammeløyvinga til universitet og høgskular er på 45,4 milliardar kroner i 2024. Det utgjer ein realvekst på over 1,5 prosent sidan før pandemien. I eit stramt budsjettår, kor det er viktigare å prioritere enn på lenge, har regjeringa og Stortinget sørga for gode rammevilkår for universitet og høgskular. Samstundes er eg klar over at situasjonen er ulik mellom institusjonane. Nokre er til dømes mindre og meir sårbare enn andre. Dette er noko vi følger med på.
Den viktigaste jobben til regjeringa er trygg og ansvarleg økonomisk styring. Gode velferdstenester i heile landet, tryggleik og moglegheiter for folk og bedrifter, grøn omstilling og eit særleg behov for å styrke forsvarsevna og beredskapen, gjer at ressursane må prioriterast strengt. For sektoren som heilskap, og for Høgskolen i Østfold, er det likevel realvekst samanlikna med før pandemien. Regjeringa vil legge til rette for gode rammevilkår også i åra som kjem, men forventar at universitet og høgskular gjer gode prioriteringar til beste for samfunnet innanfor handlingsrommet.