Spørsmål
Børre Rønningen (SV): "Ifylgje Verdens Gang 5. september 1990 skal mellom anna Distriktenes Utbyggingsfond og direktør Leif Aune stå bak ein EF-rapport tinga av interesseorganisasjonen Europabevegelsen.
Kva synspunkt har statsråden på at eit offentleg forvaltningsorgan som Distriktenes Utbyggingsfond og embetsverket engasjerer seg einsidig politisk i EF-saka?"