Spørsmål
Syver Berge (Sp): "Strukturen og fagplanarbeidet for helse- og miljøfag og estetiske fag - som det har vore arbeidd med i lang tid - er no trekt attende. Manglande struktur for desse jentedominerte faga har ført til at jenter som ynskjer denne utdanninga går sidelengs i opplæringssystemet, eller fell frå.
Vil statsråden sørgja for at det vert fortgang i arbeidet med eit skikkeleg utdanningstilbod for desse faga, og slik at desse faga får studiekompetanse?" (Tatt opp av Marit Tingelstad)