Spørsmål
Børre Rønningen (SV): "Handelsministeren har varsla ei styrking av skipskontrollen med bakgrunn i seinare tids skipsulukker. Erfaringane med omorganiseringa av skipskontrollen i Grenland er påvist å vera dårlege, både reint økonomisk og når det gjeld effektiviteten i kontrollarbeidet.
Vil statsråden treffe tiltak for å betre skipskontrollen i dette området, som er eit av landets største havnedistrikt?"