Spørsmål
Hallgrim Berg (H): "Satelittkommunikasjon har hittil vore "ei paradegrein" for Televerket og norsk industri. Med aukande konkurranse utanfrå og eit særnorsk regelverk her heime, kan landet tapa store inntekter og mange arbeidsplassar.
Vil statsråden vurdere naudsynte lovendringar, slik at norsk lovgjeving på området vert samordna og i pakt med europeiske forhold for å sikre like konkurransevilkår?" Tatt opp av Anders C. Sjaastad