Spørsmål
Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): "Mange psykologistudentar i Noreg ventar på plass i embetsstudiet, nokon har venta inntil 3 år. Samstundes er det fleire hundre ledige psykologstillingar i Noreg.
Kva initiativ har statsråden teke for å auka kapasiteten på embetsstudiet frå komande studieår, og kva tiltak ser statsråden som aktuelle på kort og lengre sikt?"