Spørsmål
Erling Folkvord (RV): "Oslo har for tida store problem med å finne plass til elevane i grunnskolen. Å starte 6-årsreformen frå hausten 1997 vil få problema til å toppa seg i fleire kommunar. I spørjetimen 24. januar 1996 sa statsråden at kommunane har ansvar for å "syte for tenlege skolar", men at "akseptable mellombelse løysingar" kan godtakast.
Kan statsråden konkretisere kva han legg i orda "akseptable" og "mellombelse" i denne samanhengen?"