Spørsmål
Eli Sollied Øveraas (Sp): "19. april 1995 kjøpte AF all reklametida i TV2. I første omgang vurderte Markedsrådet dette som brot på forbodet mot politisk reklame i fjernsyn. Etter Sivilombudsmannen si anbefaling har Markedsrådet endra meining. Mange hevdar at denne avgjersla opnar for politisk reklame i radio og fjernsyn.
Vil statsråden ta initiativet til ei presisering av lovverket når det gjeld forbodet mot politisk reklame eller eventuelt foreslå eit absolutt forbod mot slik reklame?"