Spørsmål
Ranveig Frøiland (A): Til Nationen seier statsråden at SND må ta større risiko, spesielt i distrikta, og vidare at SND må ta risiko som bankane ikkje tar. Dette er ikkje i tråd med dagens regelverk for SND, som klart seier kva risiko SND kan ta.
Er det slik at regelverket for SND skal endrast, og når tid vil Stortinget få denne saka?