Spørsmål
Laila Kaland (A): I Møre og Romsdal er det eit stort behov for arbeidstakare i møbel-, fisk-, fangst- og skipsbyggingsindustrien. Frå inntaksnemnda i fylket så viser det at søknaden til desse linjene i den vidaregåande skulen er faretruande lav. Dette er ei uheldig utvikling for næringslivet i mange distrikt.
Kva initiativ vil statsråden ta for at ungdomen vil meine at desse linjene er attraktive og dermed søkje på desse fagområda?