Spørretimespørsmål fra Laila Kaland (A) til helseministeren

Om grunnbemanninga av helsepersonell i sjukehus, på sjukeheimar og i den heimebaserte tenesta, der talet på tyngre pasientar aukar

Datert: 15.05.1998
Besvart: 27.05.1998 av helseminister Dagfinn Høybråten

Laila Kaland (A)

Spørsmål

Laila Kaland (A): Det er i dag eit aukande behov for helsepersonell både i sjukehusa, på sjukeheimar og i den heimebaserte tenesta. Talet på tyngre og meir ressurskrevjande pasientar aukar, medan grunnbemanninga av helsepersonell ikkje har auka på mange år.
Vil statsråden medverke til at pleiefaktoren/grunnbemanninga i institusjonane blir auka?


Les hele debatten