Spørretimespørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren
Om å få arrangert _ekstra eksamen for privatistar_ som vert ramma av AF-streiken ved ei rekkje vidaregåande skular
Datert: 28.05.1998
Besvart: 03.06.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun
Spørsmål
Petter Løvik (H): AF-streiken gjer det umuleg å gjennomføre eksamen ved ei rekkje vidaregåande skular. Dette rammar først og fremst privatistane, som ikkje har standpunktkarakterar å falle tilbake på. Mange av disse privatistane vil kunne tape eit heilt år på grunn av streiken.
Vil statsråden ta initiativ til å få arrangert ekstra eksamen for dei privatistane det gjeld?