Spørsmål
Petter Løvik (H): Ved kongeleg resolusjon av 5. februar 1954 er det i medhald i lov av 8. juli 1949 om produksjon, transport og omsetning av agn gitt monopol for all omsetning av forskjellige typar agn i dei tre nordlegaste fylka til S/L Fiskernes Agnforsyning.
Er statsråden samd i at det no bør vurderast om dette monopolet er eit nødvendig verkemiddel for å oppfylle intensjonane i lova, "å sikre en rasjonell og forsvarleg agnforsyning"?