Spørretimespørsmål fra Astrid Marie Nistad (A) til samferdselsministeren

Om å peike ut Sogn og Fjordane til "symbolfylke" etter samferdselsministeren si uttale om radikal nytenking for å sikre rasutsette strekningar

Datert: 19.02.1999
Besvart: 03.03.1999 av samferdselsminister Odd Einar Dørum

Astrid Marie Nistad (A)

Spørsmål

Astrid Marie Nistad (A): I samband med fylkesårsmøte til Sogn og Fjordane Venstre, uttalte statsråden at det må ei radikal nytenking til for å sikre rasutsette strekningar i landet. Undersøkelsar syner at Sogn og Fjordane fylke har flest farlege og rasutsatte vegar. På måndag 14. februar 1999 var det ras på mange vegar i fylket, og det mest alvorlege på Rv 55 i Fatla mellom Leikanger og Sogndal.
Kva legg statsråden i si eiga uttale og vil han peika ut Sogn og Fjordane fylke til eit sokalla "symbolfylke"?


Les hele debatten