Spørsmål
Hallgeir H. Langeland (SV): Sjølv om målet er å auke andelen menn i kvinnedominerte yrker, skjer det motsette. I Stavanger auka kvinneandelen i grunnskulen frå 72,3 pst. i skuleåret 1996-97 til 74,1 pst. i inneverande skuleår. Me veit alle at det meste av forklaringa er dei urimelege skilnadene i lønn mellom manns- og kvinnedominerte yrkesgrupper.
Vil statsråden sørgje for at det blir avsett ein likelønnspott ved lønnsoppgjeret, eventuelt kva blir gjort for å sikre likelønn og fleire menn i kvinnedominerte yrker?