Spørsmål
Laila Kaland (A): I Noreg har vi ein lang tradisjon i å produsere fjellsmør av beste kvalitet. I fjor gjekk over 68 tonn gards- og fjellsmør til dyrefôr. Dette er eit produkt av høg kvalitet som folk gjerne vil kjøpe.
På kva måte vil statsråden medverke til at norsk fjellsmør igjen kan seljast til vanlege forbrukarar og ikkje ende som revefôr?