Spørsmål
Petter Løvik (H): Med visning til at samferdselsministeren har uttalt at prosjekta under "grusvegpakken" skal ha svært nøktern standard, med enkel opprusting og dekkelegging av eksisterande veg, går vegkontoret i Møre og Romsdal inn for at dei to prioriterte strekningane, Rv 680 og Rv 652, skal ha ei varierande vegbreidde ned til 4 meter. Begge vegane blir karakteriserte som "smale med dårleg kurvatur".
Meiner statsråden dette er ein riksvegstandard som er god nok inn i eit nytt årtusen?