Spørsmål
Sverre J. Hoddevik (H): I 1984 vedtok Stortinget at driftssentralen for Statkraft sine anlegg i Sogn skulle etablerast i Gaupne i Luster kommune. Konsesjonsvedtaket skulle vere eit "plaster på såret" etter broten lovnad om 300 arbeidsplassar i høve til Leirdølutbygginga i Luster nokre år før. Statkraft har vedteke å nedklassifisere driftssentralen til ein dagbemanna sentral med reduksjon i bemanninga.
Meiner statsråden at ei slik nedbygging i Gaupne i Luster kommune kan forsvarast i høve til vedtaket for Jostedalsutbygginga?