Spørretimespørsmål fra Ottar Kaldhol (A) til samferdselsministeren

Om korleis riksvegferjane kan få kompensert driftsutgiftene, då ferjetilbodet i Møre og Romsdal kan verte rasert pga. drivstoffprisane og den særskilde grunnavgifta på mineralolje

Datert: 29.02.2000
Fremsatt av: Laila Kaland (A)
Besvart: 08.03.2000 av samferdselsminister Dag Jostein Fjærvoll

Ottar Kaldhol (A)

Spørsmål

Ottar Kaldhol (A): Med ein manko på 28 mill. kroner til ferjedrift frå 1. mai 2000, står vi overfor ei rasering av ferjetilbodet i Møre og Romsdal. Grunnen for denne krisa er dei rekordhøge drivstoffprisane og den særskilde grunnavgifta på mineralolje på 19 øre literen. Ein reduksjon i ferjedrifta får alvorlege konsekvensar for brukarar, pendlarar, næringsliv og utkantkommunar.
På kva måte vil statsråden medverke til at riksvegferjene kan få kompensert sine utgifter til drifta?


Les hele debatten