Spørsmål
Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Mange pensjonistar som har tent opp tilleggspensjonar gjennom mange år i arbeidslivet, er nå usikre på kva konsekvensar ei auke i minstepensjonen på kr 1000 pr. månad vil få for dei.
Korleis ser statsråden på dette, og kva tiltak vil ho setja i verk for å hindra ei urettvis handsaming av pensjonistar med små tilleggspensjonar?