Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om tettare oppfølging av og meir hjelp til _mindreårige asylsøkjarar_, som vert verande mykje lenger på mottaka enn dei tre månadene som er føresette
Datert: 10.11.2000 Besvart: 15.11.2000 av barne- og familieminister Karita Bekkemellem
May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Mindreårige asylsøkjarar vert verande mykje lenger på asylmottaka enn dei tre månadene som er forutsette. Røyndomar frå mottaka tilseier at mange av desse barna treng tettare oppfølging og meir hjelp enn det dei får i dag. Aldersspennet hos barna er for tida 4-18 år. Redd Barna foreslår at mottak for åleinebarna skal bli gitt status som barneverninstitusjonar. Kva vil statsråden gjera for å sikre fagleg kvalitet og kompetanse, ressursar og rettstryggleik for desse barna?