Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kvifor barnevernet ikkje tidlegare har gjort noko for situasjonen til dei einslege mindreårige asylsøkjarane som bur i mottak
Datert: 10.11.2000 Besvart: 15.11.2000 av barne- og familieminister Karita Bekkemellem
May-Helen Molvær Grimstad (KrF): 13 asylmottak i Noreg tek imot barn som kjem åleine for å søkje asyl. I dag er det 316 barn som bur i mottak utan foreldra sine. Gjennom media er vi blitt kjende med at 70 einslege mindreårige asylsøkjarar ikkje hadde fått oppnemnd verge. I forrige veke blei vi informerte om at Redd Barna har meldt frå om alle desse 316 barna som "bekymringssaker" til det lokale barnevernet. Barnevernlova gjeld alle barn i Noreg. Kvifor har ikkje barnevernet gjort noko for situasjonen til desse barna tidlegare?