Spørretimespørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

Om at auka avgiftar er sterkt medverkande til rutekutta frå Molde og Kristiansund til Trondheim som Braathens varslar

Datert: 16.11.2000
Besvart: 22.11.2000 av samferdselsminister Terje Moe Gustavsen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Helsepolitikarane i Møre og Romsdal meiner rutekutta som Braathens varslar frå Molde og Kristiansund vil gjere det nesten umuleg for pasientar å kome seg til Regionsjukehuset i Trondheim. Auka avgifter og andre kostnader er sterkt medverkande til desse kutta.

Når ein no ser dei alvorlege virkningane av dette, både på helsesektoren og andre område, kva initiativ vil statsråden ta for å motvirke denne uheldige utviklinga?


Les hele debatten