Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om liberalisering når det gjeld å hente inn _arbeidskraft landet treng frå utlandet_, og å ta initiativ til at dei som allereie er i landet i samband med utdanning, får bli til endringar i lovverk m.v. er avklart
Datert: 22.11.2000 Besvart: 29.11.2000 av kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad
Petter Løvik (H): Det ser no ut til å vere fleirtal i Stortinget for ein meir liberal politikk når det gjeld å hente inn arbeidskraft landet treng frå utlandet. Statsråden har uttalt til Dagsavisen 21. november 2000 at ho vil sjå på lovverket på ny. Vil statsråden ta initiativ til at dei som allereie er i landet, for eksempel i samband med utdanning, som skaffar seg jobb og som er sikra underhald og bustad, får bli verande til spørsmålet om eventuelle endringar i lovverk og praktisering er avklart?