Spørretimespørsmål fra Torstein Rudihagen (A) til samferdselsministeren

Om at NSB legg ned _mellomdistansetoga på Dovrebanen_ gjennom Gudbrandsdalen, trass i Stortinget sine føresetnader om at togtilbodet skulle vidareførast for 2001

Datert: 18.01.2001
Besvart: 24.01.2001 av samferdselsminister Terje Moe Gustavsen

Torstein Rudihagen (A)

Spørsmål

Torstein Rudihagen (A): I Budsjett-innst. S. nr. 13 for 2000-2001 la fleirtalet til grunn at fjorårets togproduksjon skulle vidareførast for 2001. På tross av dette legg NSB ned mellom anna alle mellomdistansetoga på Dovrebanen gjennom Gudbrandsdalen. Dette har ført til at næringsliv og andre i Gudbrandsdalen har fått dramatisk forverra sine kommunikasjonsmoglegheiter mellom anna til og frå hovudstaden.
Kva vil statsråden gjera for at Stortinget sine føresetnader blir oppfylt og for at togtilbodet blir gjenoppretta?


Les hele debatten