Spørretimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til olje- og energiministeren

Om at _konsesjonskraftprisane_, som skal uttrykka sjølvkost for kraftproduksjonsanlegga, dei seinare år har lege over marknadsprisane på kraft, samstundes som næringa framvisar store overskott

Datert: 23.02.2001
Besvart: 14.03.2001 av olje- og energiminister Olav Akselsen

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Konsesjonskraftprisen er i år 11,59 øre/kWh, og var i 2000 10,84 øre/kWh. Desse prisane vert fastsette av departementet kvart år, og skal uttrykka gjennomsnittleg sjølvkost for kraftproduksjonsanlegga i Norge. Konsesjonskraftprisane har dei seinare år lege over marknadsprisane på kraft.
Meiner statsråden at ein konsesjonskraftpris på meir enn 10 øre/kWh kan vera eit uttrykk for dei reelle produksjonskostnadene, når næringa samstundes kan framvisa større overskot enn nokon gong før?


Les hele debatten